Debatt
Aud Hove, Ole Mathias Rønaasen og Mari Gjestvang i Senterpartiet Innlandet vil se på jernbanens betydning i samfunnskritisk infrastruktur og beredskap.
Foto: Privat
Jernbanen er også beredskap
Aud Hove, Ole Mathias Rønaasen og Mari Gjestvang
Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens holdning.
Hove er gruppeleder for Senterpartiet i Innlandet, Rønaasen og Gjestvang sitter i fylkesutvalget for Senterpartiet i Innlandet.
Det har
vore mykje fokus på riks- og fylkesvegar i samband med ekstremværet Hans, men
vi må også sjå på kor viktig jernbanen er i forhold til samfunnskritisk
infrastruktur og beredskap.
Stadig meir
ekstremvær tærer også på jernbanen. Både Forsvars- og
Totalberedskapskommisjonen har i sine utgreiingar peikt på kor viktig jernbanen
er i forvars- og beredskapssamanheng. Dei peiker på robustheit i
infrastrukturen både for militært og sivilt formål under ekstraordinære
hendingar, krise og krig. Til dømes kan vi ikkje legge til grunn at varer kan
transporterast via dei svenske og finske veg- og jernbanenettet ved krig i
Norge.
Nasjonal
sikkerheitsmyndigheit har i ein rapport påpeikt at den sikkerheitspolitiske
situasjonen er i kraftig endring og nå skal Jernbanedirektoratet greie ut
korleis dette påverkar jernbanen i Norge. Da vil våre jernbanestrekningar i
Innlandet vere sentrale, spesielt Dovrebanen i Gudbrandsdalen og strekningane
Rørosbanen, Solørbanen og Kongsvingerbanen gjennom Østerdalen samt samankoplinga
mellom Hamar og Elverum.
Vi må sikre
desse strekningane både med tanke på ras og flom, men også få elektrifisert
strekningane slik at dei kan brukast betre i samanheng med kvarandre. Det vil i
praksis bety at det same togmateriellet kan brukast om toget skal gå gjennom
Gudbrandsdalen eller Østerdalen. Dette vil gjere at det blir eit nettverk av
baner mellom Lillestrøm og Støren, inkludert to spor mellom Hamar og Støren med
stor fleksibilitet. Det vil gjelde for både person- og godstransport.
I
fylkesutvalet denne veka behandla vi ein KVU GREEN som handlar om
elektrifisering av Røros- og Solørbanen, Raumabanen og Nordlandsbanen. Her er
det peikt på at strømforbruket utgjer ein liten del av det totale strømforbruket i Norge og vil på ingen måte konkurrere med
energibehov andre næringar har framover. Ved å elektrifisere jernbanen vil det
frigje meir kapasitet og gje færre krysningar for godstog om natta, særleg om
dei kan køyrast i puljar med fleire tog i same retning etter kvarandre, står
det i KVU-en som er utarbeidd. Ein slik tilgjengeleggjort kapasitet vil gje rom
for vekstambisjonar innanfor dei ulike togkategoriane som kombitog,
tømmertog, fjerntog og regiontog i distrikta, som elles må konkurrere om
ruteleiene.
Overføring av trafikk frå veg vil også bidra positivt til reduserte
klimagassutslepp frå transportsystemet som heilheit.
Vi i
Senterpartiet er klare på at jernbanen har høg transportevne og er derfor ein
samfunnsmessig viktig funksjon i beredskapssamanheng og vil få ei enda viktigare
rolle med tanke på den sikkerheitspolitiske situasjonen både Norge og Europa
står i nå. Her vil også våre jernbanestrekningar få ei stor betydning.